
Raudanaustet
Raudanaustet er storstova på Olaskjeret, og her kan det dekkast til 40-50 personar.
Med stor takhøgde, lyst opp av flotte prismekruner er Raudanaustet eit ideelt selskapslokale. Grindaverket i veggane minnar om ei svunnen tid og gir ein lun og behageleg atmosfære. Lokalet er lekkert møblert med spisestue-sofaer, -stolar og bord. Sjå fleire bilde frå Raudanaustet her.
Raudanaustet er og ein glimrande stad for kurs, konferansar, jubileum eller andre arrangement. Lokalet kan tingast både på dag- og kveldstid.
Kvitanaustet
Kvitanaustet høver godt til midre lag og feiringar. Her kan det dekkast for inntil 25 personar. Sjå fleire bilde frå Kvitanaustet her.
Kvitanaustet er lyst og lekkert innreia. Opphaldsrommet i Kvitanauset er ope og romsleg, med både kjøkken, spisestove og sofa-avdeling, alt til fri disposisjon til deg og følget ditt. I Kvitanaustet kan ein óg overnatta.
Kvitanauset høver også godt for mindre kurs, konferansar, jubileum eller andre arrangement. Lokalet kan tingast både på dag- og kveldstid. Sjå fleire bilde frå Kvitanaustet her.
Herlege uterom
Både Kvitanauset og Raudanaustet byr også på herlege uterom, med plenar, terassar og bryggjer like ved. Her er det møblert med benkar og bord, og alt ligg tilrette for å grilla dersom det er eit ønske for selskapet ditt. Du kan til og med spela opp til bryggedans om du og gjestene dine er glad i det:)
Selskapsteltet
Har du planar om å arrangere eit større arrangement, så anbefalar me å booke selskapstelet vårt på Olaskjeret. Uansett vær og vind er du sikra ein uforgløymeleg stad for festen, i eit 216 m2 kvalitetstelt med bankettstolar, bord, prismekruner og varme.
Sjå fleire bilete av selskapsteltet her!
Mat og servering
Me arbeider med menyar for både kafé, selskap, kurs og konferansar i samarbeid med kokk/ catering. Meir info om dette kjem, men berre ta kontakt med oss for ein avtale om mat og servering.
Kombinera selskap og overnatting?
En fin kombinasjon er å bestilla Raudanaustet og Kvitanaustet i eitt. I Kvitanaustet kan du og følget ditt overnatta, og det er ein nydeleg stad å trekkja seg tilbake til. Ta kontakt for ei prispakke på begge deler!
Drøymer du om eit selskap i vakre omgjevnader?
Ta kontakt for bestilling! Eller del ønskene dine med oss, så bidrar me meir enn gjerne til eit skreddarsydd opplegg for selskapet ditt.









