
Velkommen med teamet ditt!
Me byr på ein unik kombinasjon av lekre kurslokale, behageleg overnatting og spennande opplevingar. Dette er staden for å bli inspirert, ha det gøy, finna roen, læra noko nytt og skapa gode, felles minne.
Ta kontakt, så skreddarsyr me eit opplegg som passar akkurat ditt team!
Kurslokale
Både Raudanaustet og Kvitanaustet kan nyttast som kurslokale. I Raudanaustet er det plass til grupper på inntil 40-50 personer, medan Kvitanaustet eignar seg for mindre grupper (inntil 25 personar). For store grupper er det ypperleg å ha begge husa til disposisjon for større fleksibilitet.
Overnatting
Om de ynskjer overnatting for teamet dykkar, er Kvitanaustet ein herleg stad å trekkja seg tilbake. Bestill gjerne både Raudanaustet og Kvitanaustet for å få optimalt ut av opphaldet dykkar på Olaskjeret.
Styrk fellesskapet i teamet ditt
Med trygge og gode relasjonar i eit team, aukar både motivasjon og produktivitet. Me tilbyr teambuildings-aktivitetar for bedrifter, selskap og andre grupper. Aktiviteten oppfordrar til samarbeid og kommunikasjon, og blir eit triveleg avbrekk i arbeidskvardagen, der relasjonar styrkast gjennom felles opplevingar.
Velg mellom dei mange opplevingane me tilbyr, eller la oss, i samråd med deg, sy saman eit spennande og gøy program for teamet ditt med ein fin miks av opplevingar og teambuildings-oppgåver/ leik. Ta kontakt, så hjelper me deg med eit skreddarsydd opphald for gruppa di!*








