Velkommen til oss på Olaskjeret!

 

Me kjøpte denne vesle holmen i 2021, med eit ønske om gjera den tilgjengeleg både for lokalbefolkning og tilreisande, slik at fleire kan få del i dei herlege opplevingane og den gode atmosfæren som er her.

No er me glade for å kunna invitera deg óg til Olaskjeret. Velkommen hit - øyparadiset ditt er nærare enn du trur:)

 
 

Christina & Morten Glesnes

 
 

Sjarmerande utilgjengeleg - men ikkje langt til havs

Olaskjeret er ein liten holme i Bakkasundet, som ligg på Storekalsøy i Austevoll kommune. Her har me sett opp nye og moderne hus på tuftene av det som ein gong var ein stor arbeidsplass innan fiskeri. No tilbyr me hyggelege og familievennlege fasilitetar for overnatting og selskap, saman med aktivitetar utandørs i eit miljø som er eit eldorado for båtliv og fiske.

På Olaskjeret kan du rett og slett få den sjarmerande kjensla av å vera litt utilgjengeleg. Men det er likevel ikkje meir enn eit minutt inn til Bahus med båt. Der finn du blant anna eit museum og ein daglegvarebutikk med høve for bunkring.

Her kan du sjå kart og finna ut korleis du kan reisa hit!

Sjå meir av Olaskjeret i denne videoen:)

Bestill eit opphald for deg og dine!

Eit historisk tilbakeblikk

Sentralt knutepunkt

Den tid sjøvegen var den viktigaste ferdselsåra, og i mange tilfelle einaste vegen, var Bakkasundet der Olaskjeret ligg eit sentralt knutepunkt for skipstrafikken. Både båtar som tok seg fram mellom nord og sør i regionen, og skip som kom inn frå havet vestifrå på veg til Bergen stansa ofte her. Større skip tok gjerne los ombord, og samferdsel vart ei av inntektskjeldene i øysamfunnet her vest. 

Fiskeindustri-eventyret

Den største inntektskjelda i området var likevel fisket og fiskeindustrien. Driftige gründerar og nærleiken til havet med rike fiskebankar, bidrog til det som vart eit fiskeindustri-eventyr i Austevoll. På eit tidspunkt var Olaskjeret den største arbeidsplassen Storekalsøy, med blant anna sildesalteri, nothengje og båtoppdrag. Holmen ber på mykje historikk rundt dette, og derfor har det vore viktig for oss å byggja opp at nausta i autentisk stil.

Minne frå ei anna tid

Ein som hugsar mykje frå den gongen Olaskjeret var ein viktig arbeidsplass er Johannes Hille (f. 1930). Han var aktivt med både i sjølve fisket og i arbeidet med båtane.

På arbeid i Raudanaustet

Som ung arbeidde han blant anna med å vedlikehald av doryer. Dette var 30 fots båtar som dei hadde nøtene i under fiske. Oppussinga av doryane gjekk føre seg i Raudanaustet på Olaskjeret, kan han fortelja.

Namnet Olaskjeret

Johannes fortel også at holmen har blitt kalla med ulike namn, men meiner at Olaskjeret er rette nemninga. Kven «Ola» namnet kjem frå, kjenner likevel verken han eller me til.

Nordre Kassholmen er eitt av namna Olaskjeret elles er nemnt under, og holmen like ved sida av Olaskjeret vert kalla Søre Kassholmen.

Kummane

Olaskjeret har óg gått under kallenamnet Kummane på grunn av sildekummane som var i det eine huset på holmen. Johannes nemner Simon Hansen frå Hillerøyna som ein av dei som dreiv mottak av sild og salting av sild der.

Sjølve sildekummane var ein solid konstruksjon i mur. Over denne muren var det bygd eit hus som utgjorde ein stor fabrikk-etasje. Slik fortel Johannes frå Kummane:

– På sørsida var der ein trepir som båtane la seg til. Om vinteren kom fiskebåtane med sild som blei lasta inn på golvet i 2.etasje for så å bli lagt ned i kummane med salt og lake. Her låg silda i nokre månader til den var blitt spekesild. Då tok dei silda opp igjen frå kummane, kappa hovuda av fisken og la han i sildetønner som fraktebåtar henta og selde både til inn- og utland.

Stordomstider og nedgangstider

I boka Havstril, fortel Harald Nordstrand om gründaren Arne Kalve. Arne satsa stort og la mykje arbeid ned i både fiskeri og handel i Bakkasundet frå slutten av 1920-talet. Han hadde ei tid også ansvaret for sildesaltinga i kummane, og på den tida vart kvaliteten på silda og det økonomiske resultatat så godt at Arne fekk honnør for dette. I følgje Nordstrand vart Arne Kalve den siste av dei store fiskeri-entrepenørane på Storekalsøy.

Etter hundreår med fiske som viktigaste næringsveg, stupte nemleg utviklinga i fiskeindustrien på heile Austevoll rundt 1960, og heller ikkje på Olaskjeret tok nye krefter over for dei gamle.

Skriv ny historie, men tar med oss den gamle

I dag skriv me ny historie på Olaskjeret. Samstundes vil me gjera vårt for å ta vare på og bringa vidare litt av den gamle historia.


Kjelder:

  • Munnleg kjelde: Johannes Hille

  • Boka «Havstril - menneske og levemåte i Austevoll, Sund og Fjell» av Harald Nordstrand.